Vedtekter for Stiftinga Oselvarverkstaden – 21.01.2026

§ 1 Namn og forretningsadresse

Stiftinga Oselvarverkstaden vart skipa av Os kommune (no Bjørnafjorden kommune) og Os Båtbyggjarlag, i samarbeid med Hordaland fylkeskommune (no Vestland fylkeskommune). Namnet er Stiftinga Oselvarverkstaden. For alt som ikkje er regulert av desse vedtektene, gjeld lov om stiftingar.

Forretningsadressa er:

Stiftinga Oselvarverkstaden, Hamnevegen 41, 5200 Os

§ 2 Føremål

Føremålet er å ta vare på båtbyggjarhandverket knytt til oselvaren, i tråd med tradisjonar, strenge kvalitetskrav og dei forpliktingane som følgjer av stiftinga og oselvarkulturen står på UNESCO si liste over gode vernepraksisar for immateriell kulturarv.

Dette skal ein oppnå ved at:

A. Oselvarverkstaden skal vera ein opplæringsstad der ein tek vare på og utviklar handverket med bygging av oselvarar.

B. Oselvarverkstaden skal vera ein stad der ein tek vare på og utviklar spisskompetanse innan bygging av små trebåtar.

C. Oselvarverkstaden skal vera ein opplæringsstad for dei fylkeskommunale lærlingane.

D. Oselvarverkstaden skal vera ein stad der handverket kan vidareførast som ei livskraftig næring.

E. Oselvarverkstaden skal bidra til bruk og marknadsføring av oselvaren som bruksbåt, regattabåt og som kulturformidling. Verkstaden skal stå for aktiv kunnskaps- og kulturformidling knytt til handverket og brukskulturen.

§ 3 Grunnkapital

Grunnkapitalen er kr 50 000.

§ 4 Styret

Styret for Stiftinga Oselvarverkstaden har sju (7) medlemer, som vert oppnemnde slik:

• Bjørnafjorden kommune – ein (1) medlem

• Vestland fylkeskommune – ein (1) medlem

• Dei fast tilsette ved Oselvarverkstaden – ein (1) medlem

• Styret for stiftinga vel fire (4) medlemer:

Ein (1) medlem skal vera frå norsk museumsmiljø og bør ha relevant kompetanse innan tradisjonell båt- og kystkultur

Ein (1) medlem skal koma frå næringslivet

To (2) medlemer skal koma frå brukarmiljøa

Funksjonstida for styremedlemmene følgjer kommunestyreperioden. Styret vel sjølv leiar og nestleiar. Styremedlemmene kan attveljast utan tidsavgrensing. Styret er vedtaksført når minst fire (4) medlemer er til stades. Ved likt røystetal er leiaren si røyst avgjerande. Dagleg leiar er sekretær for styret og møter fast på styremøta. Styret kan i einskilde høve gje andre møte- og talerett.

Styret tilset og kan seia opp dagleg leiar og øvrige tilsette, og fastset kven som skal ha det faglege ansvaret innan dei ulike områda.

Styret godkjenner årsmelding og årsrekneskap som dagleg leiar legg fram, og vedtek budsjett. Styret kan også vedta strategiske planar for verksemda. Styret vel revisor for stiftinga.

§ 5 Strategiutval og referansegruppe

Stiftinga har eit strategiutval med minst fem personar, alle oppnemnde av styret. Strategiutvalet arbeider etter eit mandat gjeve av styret for verkstaden.

Stiftinga skal òg ha ei referansegruppe, samansett av representantar for:

• Oselvarlaget – org.nr. 980 610 241

• Oselvarklubben – org.nr. 987 327 162

• Vestland fylkeskystlag – org.nr. 996 447 936

• Austevoll Seilforening – org.nr. 912 110 303

• Milde Båtlag – org.nr. 985 399 875

• Båtlaget Njord/Tysnes – org.nr. 985 489 009

• Lysefjorden Oselvarlag – org.nr. 934 545 060

Denne gruppa representerer det aktive bruksmiljøet for oselvaren. Styret skal sørgja for at gruppa vert invitert til møte minst ein gong i året for å drøfta utviklinga i stiftinga og koma med innspel til framtidige tiltak. Styret kan òg invitera andre frå brukarmiljøet, museumssektoren eller andre relevante miljø til å vera med i referansegruppa.Det året det er kommuneval, nominerer referansegruppa dei to styremedlemmene frå brukarmiljøa som skal kunna veljast inn i styret, f. § 4.

§ 6 Dagleg leiing

Styret tilset dagleg leiar, som skal vera sekretær for styret og ha ansvar for den daglege drifta av Oselvarverkstaden. Dette omfattar også produksjonsplanlegging, økonomistyring og organisering av arbeidet ved verkstaden og i verksemda elles.

§ 7 Tilhøvet til Bjørnafjorden kommune

Det skal utformast ein eigen avtale med Bjørnafjorden kommune om dei tenestene kommunen yter til verkstaden. Dette omfattar leige av verkstadlokala, IT-tenester og årlege driftstilskot.

Os, den 21.01.2026