Verkstaden i dag

Oselvarverkstaden byggjer båtar og tek vare på det eldgamle båtbyggjarhandverket. Her arbeider lærlingar og meir erfarne båtbyggjarar i lag, dei unge for å læra oselvartradisjonen av dei erfarne. Den tradisjonelle båtbyggjarkunnskapen om oselvaren er den mest detaljerte og komplette som finst i dag. Slik kan oselvarbyggjarane byggja båtar med nett dei eigenskapane brukarane treng. Verkstaden har utstilling i andre høgda som illustrerer tusen års bygging og bruk. Grupper kan få omvising i utstillinga og verkstaden etter avtale.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA