Tidslinje

I Vargavågen på Halhjem, berre nokre kilometer frå Oselvarverkstaden, finn me 3000 år gamle helleristningar frå bronsealderen. Her kan ein sjå heile 13 skip saman med ei rekke andre figurar. Foto: Vidar Langeland
Skinnbåtar frå steinalderen, illustrasjon Arkikon

10 000 f.kr. – Eldste spor av menneske på Vestlandet

8500 f.kr. – Spor av skinnbåtar i Noreg

5000 f.kr. – Spor av stokkebåtar

2400 f.kr. – Spor av plankebåtar

400 f.kr. – Båtar blir sauma med vidjer eller røtter

År 0 – Keipar vert brukt på båtane, ein går frå padling til roing

300Halsnøybåten

700 – Seglet blir vanleg i Norden

900Gokstadfæringen

1500-1850 – Eksport av oselvarar til Shetland

1664 – 31 aktive båtbyggjarar vart registrerte kring Bjørnefjorden

1750 – Tøsdalskarene dreiv med båtbyggjing i Oselvo og båten fekk namnet sitt

1847 – Første i rokonkurranse med oselvar på Lungegårdsvatnet i Bergen

1898 – «Os Baatbyggerforening» vert stifta

1978 – Første noregsmeisterskap i oselversegling

1990Oselvarlaget vert stifta

1997Oselvarverkstaden vert stifta

Kjelder: Kjell Magnus Økland: «Oselvaren, den levande båten», Einar Østmo, Professor, Kulturhistorisk museum, UiO