Strategiplan

Oselvarverkstaden er ein arena for bygging, bruk og formidling av kunnskap kring oselvaren

Stiftinga sitt føremål er å ta vare på båtbyggarhandtverket som gjeld oselvaren, i pakt med tradisjonar og strenge krav til kvalitet.

Oselvarverkstaden har sett ned eit strategiutval som har utforma sju punkter for å nå måla våre:

  1. Lærlingestrategi: Vi skal være ein opplæringstad som tar vare på og utviklar handverket og ha som mål til ein kvar tid å ha to lærlingar i arbeid.
  2. Brukarstrategi: Vi skal være eit kompetansesenter som er tilgjengeleg for brukarene av båten. Vi skal i samarbeid med kommunen legge tilrette for at born og unge skal bli kjent med oselvaren.
  3. Kompetansestrategi: Vi skal ha kompetanse på bygging ev alle typar oselvarar. Vi skal ta vare på og utvikle spisskompetanse i faget. Vi ønskjer ei kontinuerlig fagleg utvikling av dei tilsette, og skape eigarskap til eigen arbeidsplass.
  4. Sponsorstrategi: Vi vil utvikle ein sponsorstrategi som stimulerar til samarbeid mellom næringsliv, privatpersonar, lag og organisasjonar. Arbeide aktivt i samarbeid med sponsorar for å spreie informasjon om Oselvaren og arbeidet til Oselvarverkstaden.
  5. Formidlingsstrategi: Vi skal delta på messer og festivalar, dokumentere arbeidet vårt med tekst, film og bilete. Vi skal ha tett dialog med kommunen og fylkeskommunen for felles formidling av oselvartradisjonen. Vi skal lage gode nettsider med relevant informasjon om arbeidet vårt.
  6. Nettverksstrategi: Vi skal være ein del av fleire nettverk for formidling av handverk og norske tradisjonsbåtar.
  7. Samfunnsstrategi: Vi skal være eit regionalt senter for oselvarar og mindre vestlandsbåtar.

– Sikre Oselvarverkstaden si historiske rolle og posisjon i kommunen og i fylkeskommunen.

– Være ein del av nasjonale målsetningar for utdanning og formidling av norsk småbåttradisjon.

Planen vart vedteken på styremøte 24.september 2018