Skogsarbeid på Bjånes

Den første veka i nyåret 2026 brukte vi tida på skogsarbeid. Også i år er tømmeret kortreist; frå fjorden, berre fire kilometer frå verkstaden, finn vi Bjånes, eit flott skogsområde tett ved Fusafjorden. I år reknar vi med å bruke to veker der, men litt seinare på våren, når teleløysinga har kome, skal vi attende i skogen for å finne innved – altså røter som vi treng inni båten.