Regenerativt reiseliv og Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden er ein del av ein større samanheng der kultur, natur og lokalsamfunn heng tett saman. I reiselivssamanheng snakkar ein ofte om berekraftig reiseliv – at turisme skal skape minst mogleg skade. Men vi ønskjer å løfte fram omgrepet regenerativt reiseliv.

Regenerativt reiseliv betyr at dei som kjem på besøk ikkje berre opplever, men også bidreg. At turismen styrkjer og gjev noko tilbake til staden, kulturen og menneska som bur her.

Når gjester kjem til Oselvarverkstaden, får dei ikkje berre sjå båtbygging på gamlemåten – dei er med på å halde tradisjonen levande. Slik kan vi saman ta vare på kunnskapen, handverket og historia som oselvaren representerer.

For oss handlar regenerativt reiseliv om å skape gode møte, dele kunnskap og sørgje for at kulturarven ikkje berre overlever, men veks og får ny verdi for framtidige generasjonar.