Råseglseminaret 2023 er no historie. Ein stor takk til Vestland Fylkeskystlag, Forbundet KYSTEN og Kystkultur.no (og ikke minst værgudana) for eit svært vellukka seminar. Det var eit spektakulært syn å sjå heile elleve råseglrigga båtar på Fanafjorden både fredag og laurdag.
Råsegl er eit firkanta skværseil, og er den eldste kjente segltypen i Noreg. Råsegl og skværseil er tilnærma synonymer. Råsegl blir mest brukt om seglet på tradisjonelle småbåtar og vikingskip, mens skværseil er forbundet med større seglskuter.