Ein heil skuledag med oselvaren i sentrum. I desse dagar blir elevane betre kjende med båten som har vore ein viktig del av historia og kulturen vår gjennom generasjonar.
Gjennom dagen får dei ro på jakt etter postar langs kaien og brygger i Os sentrum. På postane ventar ein oselvarquiz med spørsmål om båten, historia og tradisjonen. Og ikkje minst får elevane kome seg ut på sjøen og oppleve oselvaren i sitt rette element.
For mange er dette kanskje det første møtet med oselvaren, og for nokre er det første gongen dei er i ein båt. Mange får òg prøve å ro for aller første gong.
Då er det ekstra kjekt at elevane får lære gjennom å sjå, prøve, samarbeide og vere med sjølve.
Oselvaren handlar ikkje berre om fortida. Skal kunnskapen om bygging og bruk av båten leve vidare, må nye generasjonar få bli kjende med oselvaren og få gode opplevingar om bord.
Oselvardagane er eit samarbeid mellom Oselvarlaget, Oselvarverkstaden, Os Rotary og Kultureininga i Bjørnafjorden kommune.
