Oselvar til sals

Verkstaden byggjer oselvarbåtar på bestilling, reparerer båtar og tek på seg konsulentoppdrag som har med dokumentasjon og vurdering av båtar å gjera. Vi har for tida ca eit års leveringstid for ny æring eller færing.

Sjøklar robåt kostar i 2025 frå ca kr 183 000, men du sparar mykje om du kan smørje båten sjøl. For seglbåt kjem eit tillegg på kr 65 – 80 000, alt etter storleik og kvalitet på seglet. Vi byggjer båter i alle storleikar, æring (eit par årar), færing (to par årar), seksæring (tre par), åttring (fire par), tiæring (fem par) og tolværing (seks par årar). Lengda blir då frå 4,3 meter opp til 10 meter.

Her finn du prislista for 2025

Pris årar 2025:

Ubehandla årar: 4750,-

Ubehandla årar med eikelappar 6000,-

Tillegg for olje, lakk eller maling: 1200,-

Berit, Solveig og Einar i ein nylakka færing på Bjørnafjorden