Ny lærling ved Oselvarverkstaden

Vi ønskjer Ashley Hallén frå Sverige velkomen som ny lærling ved Oselvarverkstaden!

Ashley har bakgrunn frå båtbyggjarutdanning ved Skeppsholmens Folkhögskola i Stockholm. Etter eit besøk hos oss i 2025 vart Ashley fascinert av oselvaren, og valde seinare å byggje sin eigen som ein del av utdanninga.

No ønskjer Ashley å lære meir om tradisjonelt oselvarbygging og utvikle handverket vidare saman med båtbyggjarane våre. Vi er glade for å ha Ashley med på laget!