I desember 2021 godkjente UNESCO Den nordiske klinkbåttradisjonen som del av den immatrielle kulturarven. Dette blei i forrige veke markert med eit to-dagers seminar i Roskilde, hvor Vikingeskibsmuseet og Forbundet KYSTEN var blant arrangørene. Oselvarverkstaden deltok med to representanter og vi fekk endeleg bli med på segletur med to av oselvarane som vi leverte til Vikingeskibsmuseet for 25 år sidan.