Kulturministeren på besøk

Det var stor stas då kulturminister Lubna Jaffery besøkte Oselvarverkstaden for å markere overleveringa av ein nybygd oselvar til Bergen og Hordaland Turlag – DNT. Båten er bygd med støtte frå Forbundet KYSTEN og Sparebankstiftelsen DNB og skal brukast på Rongevær kysthytte, som ligg på øya Nordra Kjerringa i Austrheim.

Dagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Vidar Langeland, seier at «oselvaren er eit symbol på det rike kultur- og friluftslivet i regionen og markerer eit viktig samarbeid mellom tradisjonshandverk og moderne friluftsliv. Dette er òg ei fin anledning til å markere «Friluftslivets år», som går av stabelen i 2025.»

Færingen er den andre båten som Oselvarverkstaden leverer til Bergen og Hordaland Turlag.