Julemarknad i Os sentrum og juleverkstad i Oselvarverkstaden. Mykje kjekt for både store og små som besøkte Osøyro sist helg. Lyshornet Brass var med å skape julestemning fleire stader i bygda.
Oselvarverkstaden serverte gløgg og pepperkaker. Det vart arrangert konkurranse og dei som ville fekk gode råd av båtbyggarane. Takk for besøket til alle som tok turen!