UNESCO

I 2021 vart “Den nordiske klinkbåttradisjonen” ført inn på UNESCO si representative liste over immaterielle kulturarv.

Det finns tre ulike verneliste innan immateriell kulturarv hos UNESCO. Klinkbåttradisjonen er ført på Representativ liste over immaterielle kulturarv og Oselvarverkstaden og oselvarkulturen er i tillegg oppført på Lista over gode vernepraksisar.

Bygging og bruk av oselvaren, gjennom Oselvarverkstaden, ble i 2016 ført opp på UNESCO si liste over immateriell kulturarv under tittelen: «Oselvar boat – reframing a traditional learning process of building and use to a modern context»

Maik Riebort arbeider i verkstaden. Foto: Vidar Langeland

00448-med

Oselvaren er ein klinkbygd trebåt frå Hordaland som har vakse fram etter ei utvikling over fleire tusen år. Han har tradisjonelt vorte nytta som bruksbåt og til moderne kapproing og kappsegling sidan 1800-talet. Det er ikkje sjølve båten, men kunnskapen om å byggje og bruke han, som vert verna.  Stiftinga Oselvarverkstaden i Bjørnafjorden er einaste staden det vert bygd Oselvarar i dag.

Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet, gratulerte Oselvarverkstaden med nominasjonen.  – Dette er svært gledeleg for alle som er opptekne av båtbygging og tradisjonshandverk i Noreg, og eg trur utnemninga kan føre til auka kunnskap om korleis ein kan arbeide med å  vidareføre immateriell kulturarv, sa Danielsen. På bakgrunn av Kulturrådet si tilråding, fremja Kulturdepartementet dette nominasjonsforslaget for UNESCO i mars 2015.

Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen

Avgjersla innebar ei viktig anerkjenning  av Oselvarverkstaden, som i mange år har arbeidd for å vidareføre kunnskap omkring båtbygging generelt og Oselvarbåten spesielt. I dei siste åra har dei lagt aukande vekt på at miljøet rundt sjølve verkstaden er kunnskapsrike og at dette er viktige støttespelarar og pådrivarar for utviklinga ved verkstaden. Nominasjonsforslaget handlar derfor om både Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen.

I oktober 2016 vart det i tillegg gitt ut ei bok om båten og Oselvar-kulturen. Forfattar er Kjell Magnus Økland. Denne boka er eit viktig bidrag i eit langsiktig arbeid med å formidle kunnskap om båten, om aktiviteten ved verkstaden, bruken av båten og Oselvar-kulturen.

Anerkjenning for tradisjonshandverk i Noreg

– Innskrivinga er også ei viktig anerkjenning for lokalsamfunnet med Os båtbyggjarlag og Os kommune i spissen, men også for Hordaland fylkeskommune som aktivt har støtta og fremja arbeidet ved verkstaden. Dette er også ei viktig utnemning for alle som arbeider med tradisjonshandverk i Noreg, seier Danielsen.

Den norske UNESCO-kommisjonen gjev følgjande forklaring på immateriell kulturarv: Språk, utøvande kunst, sosiale skikkar, tradisjonelle handverksferdigheiter, ritual, kunnskap og ferdigheiter knytte til naturen er døme på immateriell kulturarv.

Den immaterielle kulturen har på grunn av sin eigenart ofte framstått som usynleg i høve til den materielle kulturarven. Gjennom arbeidet til UNESCO vart immateriell kulturarv løfta fram som eit særskilt hovudsatsingsområde. I eit globalt perspektiv er dette ikkje berre eit felt som har fått meir merksemd, men òg eit område prega av stor uro, særleg knytt til munnlege kulturtradisjonar og kulturell kunnskap som dagleg forsvinn frå det menneskelege repertoaret.

Konvensjonen legg grunnlaget for ein meir målretta og systematisk innsats for å dokumentere, bevare og fremje immaterielle kulturuttrykk, som munnlege forteljarsjangrar, ritual og skikkar, dans, musikk og kunnskap om tradisjonelt handverk. Dette arbeidet skjer både nasjonalt, i samband med kulturmøte – til dømes gjennom satsingsfeltet mangfaldige minner – og gjennom internasjonale prosjekt retta mot utviklingsland.


Oselvarverkstaden og UNESCO

Oselvarverkstaden er det første elementet som vart skrive inn på UNESCO sine fortegnelser over immateriell kulturarv frå Noreg og Norden. Inskripsjonen peikar særleg på verkstaden sitt arbeid med kunnskapsforvalting, vidareføring av handverkskunnskap og ei førebiletleg lokal forankring.


Gode vernemetodar rundt om i verda

Av UNESCO sine tre lister vert denne lista av Kulturdepartementet vurdert som det viktigaste verkemiddelet for å vidareføre immateriell kulturarv. Lista gjev oversikt over gode vernemetodar frå ulike delar av verda, og gjer det mogleg for andre å få innblikk i prosessane bak dette arbeidet. Dette er eit grunnleggjande prinsipp i gjennomføringa av konvensjonen.

Per 1. desember 2016 var det 15 innføringar på denne lista, frå fleire land i Sør-Amerika, Asia og Europa. Innføringane skildrar ulike tiltak som sikrar vidareføring av tradisjonar, og fleire bidrag handlar særleg om arbeid med barn og unge. Andre omtalar prosessar knytte til vidareføring av tradisjonar. Til dømes skildrar Belgia eit målretta arbeid for å sikre vidareføring av klokkespeltradisjonen. Metodane som vert nytta, kan lett overførast til andre land og brukast i arbeid med ulike typar kulturuttrykk.

Frå Sør-Amerika får ein kjennskap til eit overnasjonalt samarbeid mellom Bolivia, Peru og Chile. Her vert det skildra eit konkret samarbeidsprosjekt som skal sikre at aymaraene, ei urfolksgruppe, kan oppretthalde og vidareføre sin tradisjonelle kunnskap.

Vidareføring av kunnskap og dugleik er eit kjernepunkt i denne konvensjonen, og denne lista bidreg til å spreie informasjon om gode tiltak og metodar som kan sikre merksemd rundt desse prosessane verda over.

http://www.unesco.org/culture/ich/en/lists