Båtbygginga i dag

Leif Harald Amundsen har vore tilsett på verkstaden sidan starten i 1997.

Å byggje ein Oselvar startar lenge før det første bordet vert festa til båten. Båtbyggjaren må finne dei rette trea og vite kva delar av treet som eignar seg til dei ulike delane av båten.

Deretter vert båten bygd steg for steg – kjøl og stamnar, bordlegging og innved – før årer, rigg og andre delar kjem på plass. Mykje av arbeidet vert gjort med tradisjonelle verktøy og metodar, og utan detaljerte arbeidsteikningar.

Båtane er bygde av furu og eik, lengda kan variera frå 8-18 båtalner (totallengd 4,5-10,0 m). Vanlegaste storleikane er færing (9-11 båtalner) og seksæring (11-13 båtalner), men ein kan òg finna både mindre og større utgåver: æring (8-9 båtalner), åttring (12 ½-14 båtalner) og laromsbåt (12 ½-18 båtalner). Færingar vert bygde med tre bordgangar og tre band med betar over dei to fremste. Større båtar kan òg ha kjølrenne (vanleg frå 11,5 båtalners lengd), meir innved, todelt børabord og todelt ripebord.

Esingane går inne i båten langs den øvre kanten på ripebordet frå rong til rong. Utsida av eit halsbord på ein oselvar er konkav og vrir seg frå å vera nærmast loddrett i innløpet med visinga på lòtet til å nærma seg vassrett der halsen møter botna- og børabord. Halsane er altså vridne, jamfør eit propellblad eller kanskje helst eit plogskjer. Under bygging er båtbyggjaren nøye med å velja bord parvis, slik at spensten blir mest mulig lik på de to sidene i båten.

Harald Dalland var første båtbyggjar og læremeister på Oselvarverkstaden. Bilde er frå 1998, foto Vidar Langeland

Opp gjennom tidene har båtbyggjarane og båtbrukarane saman utvikla båttypen slik at kvar båt er best mogleg tilpassa eit visst bruksområde. Med sportsbruken er dette vidareført: I tillegg til bruksbåten finst det i dag både spesialiserte kapproingsbåtar og spesialbygde kappseglingsbåtar.

På alle desse staden vart det bygd oselvar i gamle dagar. Kartet kjem frå boka «Oselvar, den levande båten»