Båtbyggjar og lærling – hausten 2026

Vil du vere med og føre ein fleire hundre år gamal handverks-tradisjon vidare?
Oselvarverkstaden søkjer no ein båtbyggjar og ein lærling i båtbyggjarfaget som vil arbeide med det levande tradisjonshandverket vårt – bygging, vedlikehald og formidling av den unike oselvaren.

Hos oss er handverket ikkje berre noko som blir utført, men noko som blir delt, forklart og levandegjort for publikum.

Arbeidet omfattar mellom anna

  • tradisjonell bygging og vedlikehald av oselvarar
  • fordjuping i og vidareføring av byggjetradisjonen
  • formidling av handverket til besøkande, kundar, skular og fagmiljø
  • deltaking i eit ope verkstadmiljø med tett kontakt mellom handverkar, båt og publikum
  • samarbeid med kollegaer i eit lite, fagleg sterkt miljø

Vi ser etter deg som

  • Har fagbrev som trebåtbyggjar (gjeld ikkje læreplassen)
  • har interesse for tradisjonelt trearbeid og båtbygging
  • kan arbeide sjølvstendig og nøyaktig
  • set pris på godt samarbeid og eit inkluderande fagmiljø
  • ønskjer å utvikle seg fagleg og vere med på å styrke kystkulturen

Vi tilbyr

  • ein unik arbeidsplass med sterke røter og sterkt fagmiljø
  • gode høve for fagleg utvikling
  • læreplass i båtbyggjarfaget for rett kandidat
  • varierte arbeidsoppgåver og ein kvardagen med praktisk og meiningsfullt arbeid

Arbeidsstad: Stiftinga Oselvarverkstaden
Søknadsfrist: 31. mai 2026

Oppstart: 1. september 2026

Løn: Etter avtale

Er dette noko for deg? Send søknad og CV til post@oselvarverkstaden.no.

Ta gjerne kontakt dersom du vil vite meir om stillinga eller læreplassen