Åtte båtorganisasjonar lærde av kvarandre

Saksa frå nettavisa Midtsiden:

Mens vi i Os har Oselvarverkstaden, Oselvarnaustet, Oselvarlaget og Lysefjorden Oselvarlag er det fleire nabokommunar som òg har høgt aktivitetsnivå innan bruk av nasjonalbåten.

Vi har blant anna Seglsportveka på Tysnes og NM i oselvarsegling – og i Bergen er det «Den store roen». – Det er mange gode miljø, men mange jobbar stort sett på kvar for seg. Målet med å samlast var å læra av kvarandre, dela idear og å sjå framover saman, seier Vidar Langeland, dagleg leiar i Oselvarverkstaden.

– Snittalderen byrjar å bli høg i ein del miljø, så rekruttering er sentralt framover. Der må eg seia at Geir Jonassen, Jan Øystein Aksnes og resten av Lysefjorden Oselvarlag har fått til noko unikt, seier han om ungdomsoppslutnaden i nabobygda.

På deltakarlista sto: Oselvarverkstaden, Oselvarklubben, Oselvarlaget, Milde Båtlag, Austevoll Seilforening, Båtlaget Njord/Tysnes, Lysefjorden Oselvarlag, Vestland Fylkeskystlag, Bjørnafjorden kommune og foredragshaldar Bjarte Vestøl.

På programmet var det presentasjon av kvar deltakar, erfaringsutveksling og oppramsing av årets aktivitetar. – Det har kome veldig fine tilbakemeldingar på seminaret, seier Langeland.

Etter lunsj fekk dei foredrag av Bjarte Vestøl. Den tidlegare dykkaren er no pensjonert. Han har rodd tur-retur Kristiansand – København, rodd til grensa mellom Finland og Russland og rodd rodd Norge på langs fleire gonger, seinast frå svenskegrensa til Grense Jakobselv (altså heile Norge på langs), ein tur på nesten 6000 kilometer som tok 4,5 månadar.

Del av programmet omfatta òg utviding av styret i Stiftinga Oselvarverkstaden, som nyleg har endra vedtektene for å auka frå 5 til 7 i styret. For brukarmiljøa blei det difor gjennomført nominasjon av to nye styremedlemmer rett etter samlinga. Dei nominerte blei Tonje K. Næsheim og Knut Ove Gjersvik.