Ny båt til Oselvarlaget

Tirsdag fekk våre gode naboar i Oselvarlaget overlevert ein nybygd seksæring. Båten er nesten sju meter lang, har rigg og segl. Seksæring er bygd av Leif Harald Amundsen, med god hjelp av lærling Jostein Magnesen. Vi har alltid hatt eit godt samarbeid med Oselvarlaget som har hus mindre enn hundre meter frå verkstaden. Ein god gjeng av medlemmane var med å frakte båten den korte turen. No skal båten smørjast, på dugnad, etter alle kunstens reglar.

Ein stor takk til Forbundet Kysten Sparebankstiftelsen DNB og Sparebanken Vest som har støtta prosjektet.